Norsk støtte til Ukraina - midlar til kvinneorganisasjonar er avgjerande

april 4, 2024

I dag la regjeringa fram stortingsmeldinga som legg grunnlaget for norsk støtte til Ukraina. FOKUS – Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål – understrekar viktigheita av at støtta fremjar kvinners rettar og likestilling.

– Me er glade for tydelege referansar til FNs tryggingsråd sine resolusjonar om kvinner, fred og tryggleik – det forpliktar! Kvinner må ha ein plass ved bordet når avgjerder skal takast, allereie no. Kvinner si deltaking er heilt sentralt i kvinner, fred og tryggleiksagendaen. Det veit me av erfaring frå arbeidt vårt i Colombia, seier dagleg leiar i FOKUS, Sylvi Bratten.

– Krig påverkar kvinner og menn ulikt, og det må reflekterast i både den humanitære og langsiktig responsen. Det er positivt at støtte til tiltak som styrkar jenter og kvinner sine rettar, deltaking og posisjon i samfunnet står som ein prioritet. Sivilsamfunnet har ei heilt sentral rolle i arbeidet for jenter og kvinner sine rettar, og ukrainske kvinneorganisasjonar gjer ein viktig innsats på dette området. Ei satsing på kvinner sine rettar må innebera auka midlar til deira arbeid.

– Ulik maktfordeling påverkar òg gjenoppbygginga av Ukraina. Sivilsamfunnet, inkludert kvinneorganisasjonar, speler ei nøkkelrolle i å fremja demokrati og menneskerettar. Gjennom dialog med ukrainske kvinneorganisasjonar har me lært at dei må vera aktivt involverte i prioriteringane som gjerast. Det er avgjerande for ein berekraftig gjenoppbygging av Ukraina, seier Bratten. 

Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål jobber 
for å styrke kvinners rettigheter og muligheter 
gjennom utviklingssamarbeid i åtte land i Afrika 
og Latin-Amerika. Som et medlemsbasert 
kompetanse- og ressurssenter skal FOKUS være 
en pådriver for internasjonal innsats for likestilling.
971 27 9389
Utviklet av: Drift reklame & design AS
FOKUS – Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål – jobber for å styrke kvinners rettigheter og muligheter gjennom arbeid i syv land i Afrika og Latin-Amerika. FOKUS er den eneste norske organisasjonen som utelukkende arbeider med kvinners rettigheter og likestilling internasjonalt.
Utviklet av: Drift reklame & design AS
crossmenu